Einingsleiar PPT

Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar

📍 Os sentrum, Vestland, Norway On-Site ⏳ 20h ago
AI assistant

Job Description

Bjørnafjorden kommune søkjer einingsleiar for PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste).

Blir du motivert av å arbeide med førebyggjande tiltak, bruke kompetansen din i tverrfagleg samarbeid og finne fleksible løysingar på ulike utfordringar? Då er kanskje du den rette til å leie PPT i Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. I Familiens hus inngår Førebyggande helseteneste, Eininga Barn, unge og familiar, PPT og Barneverntenesta. Einingsleiar for PPT inngår i Familiens hus si leiargruppe. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barn og familiar sine behov er ei viktig satsing i vår kommune.

PPT Bjørnafjorden har 17,6 årsverk. Tenesta er organisert i to geografiske team i tillegg til eigen lågterskel logopedteneste. Vi held til i fine lokale sentralt i Os sentrum. Arbeidskvardagen i PPT er prega av høgt arbeidstempo, fleksibilitet og