Fast 60% stilling som helsefagarbeidar

Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

📍 Askviknes oppfølgingsteneste, Vestland, Norway On-Site ⏳ 20h ago
AI assistant

Job Description

Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som viser seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Avdelinga Askviknes oppfølgingsteneste har oppfølging av bebuarar som har behov for helsehjelp, og som har vedtak etter helse- og omsorgsstenestelova. Vi arbeider tverrfagleg, og er opptekne av godt samarbeid med tenestemottakarane våre, deira pårørande og med andre helsetenestar. Saman jobbar vi for meistring og utvikling hos den enkelte, å skapa gode dagar og opplevingar, og å laga ein god arena for fellesskap.

Dei daglege arbeidsoppgåvene kan bestå i å følgja til ulike aktivitetar, praktisk bistand i samband med matlaging, gjere husarbeid, gå tur, fiska, dra på kino, handla og liknande. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov.

Stillinga er i turnus med overvekt av langvakter (12,5 timar) og