Fagarbeidar i turnus 100% stilling
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Job Description
Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.
- 100% fast stilling ledig frå snarast.
Stillinga er i turnus med arbeidshelg f.t m/langvakt på helg
Arbeidsstad og Arbeidsoppgåver
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Stillinga er for tida på Varafjell avlastningssenter. Avlastningssenteret ligg strategisk plassert, nær skule, idrettsanlegg, på Kuventræ, friluftsområde og har avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne.
Varafjell har ledig fagarbeidarstilling for deg som ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag. Du vil arbeide tett med barn og unge med ulike behov, og bidra til tryggleik, meistring og gode opplevingar.