Informasjonssikkerheitsleiar

UNIVERSITETET I BERGEN EIENDOM AS

📍 BERGEN, Norway On-Site ⏳ 6d ago
AI assistant

Job Description

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: Informasjonssikkerheitsleiar (seniorrådgjevar)

Vær med å sikre framtidas IT-tenester ved Universitetet i Bergen

Med auka behov for sikre digitale løysingar søkjer UiB ny Informasjonssikkerheitsleiar. Vi ser etter ein person som kan leie gruppa for informasjonssikkerheit og personvern, vere ein ambassadør for informasjonssikkerheit i organisasjonen og bidra til å styrke vår kompetanse på området. UiB har dei siste fire åra gjennomført ei betydeleg styrking av arbeidet med informasjonssikkerheit. Som informasjonssikkerheitsleiar vil du få ei sentral rolle i å vidareføre og vidareutvikle dette arbeidet i takt med endra trusselbilete og aukande krav til digital